Målet med studien har vore å belyse dei tre forskingsspørsmåla: 

1. Kva parameterar er det mogeleg å tilpassa ved bygging av fasadar med solcellemodular eller levande planter? 

2. Kva parameterar gir størst utslag på faren for brann 

a. På faren for tenning? 

b. På faren for vertikal brannspreiing langs fasaden? 

c. På varmeeksponeringa mot bygget og nabobygget ved brann? 

3. Korleis kan fasadar med solcellemodular eller levande planter utformast med minst mogeleg fare for brann? 

For å få kunnskap om kva som finns av løysingar, og dermed også kva parameter som kan tilpassast, har me vore i kontakt med leverandørar av både solcellemodular og plantesystem i tillegg til andre relevante aktørar slik som bygningseigarar og forskarar som jobbar med slike system. Det er også utført kartlegging av norsk regelverk som er relevant for brannsikkerheita i bygningar med solcellemodular eller plantesystem montert på fasaden. Vidare er det utført litteraturstudium og mellomskala brannforsøk for å kunne svare på forskningsspørsmål 2.

Ansvarlig forstudien er;

Janne Siren Fjærestad, RISE Fire Research 

Reidar Stølen, NTNU og RISE Fire Research 

Jens Steemann Kristensen (del 1), DBI

Rapporten finnes på RISE hjemmesider; https://risefr.no/publikasjoner

Et lite utdrag;

Del 1 Solceller: Det er funne at tre viktige faktorar for korleis ein brann kan utvikle seg i ein fasade med solcellemodular er: • avstanden mellom vegg og solcellemodul, • om solcellemodulane har einsidig eller tosidig glas og • kva for andre brennbare material som er i holrommet. Forsøka med modular med einsidig glas (med eksponert plast på baksida) og det minste holrommet (6 cm) gav dei kraftigaste brannane Med aukande avstand tolte modulane meir varme frå startbrannen og gav frå seg mindre varme når dei tok fyr. Same effekt vart funne ved å bytte frå modular med einsidig glas til modular med tosidig glas. Det vart funne at å auke holromsavstanden med 4-5 cm har same effekt som å bytte frå modulen med einsidig glas til tosidig glas. 

 

Del 2 Planter: Ved etablering av grøne plantesystem på fasaden kan ein velja mellom ulike produkt og løysingar. Nokre av systema er laga for å monterast utanpå den eksisterande fasaden, medan andre kan brukast som erstatning for fasaden og dermed fungere som klimaskalet til bygningen. På marknaden finns det både system som etter EN 13501-1 tilfredsstiller klasse A1 eller A2,s2,d0 og også system som ikkje har noko brannklassifisering i det heile. I tillegg vil plantene og den fysiske utstrekkinga av plantesystemet kunne påverke brannsikkerheita.

Forsøka med det brennbare plantesystemet viste både nedfall av brennande delar og brennande dråpar. Nedfall av heile modular frå plantesystemet bidrog til å begrensa brannspreiinga oppover i planteveggen. Bygningsveggen vart likevel direkte eksponert for flammer når modulane fall ned, og dersom veggen hadde vore brennbar og teke fyr, kunne dette bidrege til brannspreiing vidare oppover i holrommet. Både nedfall av brennande delar og brennande dråpar vil vera ein mogeleg mekanisme for brannspreiing nedover. I tillegg vil dette kunne medføre problem for sløkkeinnsats, eller for evakuering og redning frå bygget dersom brennande nedfall ramlar ned ved dører eller andre rømmingsvegar. Plassering av plantesystema bør difor planleggast slik at mogeleg nedfall ikkje vil medføre nemnde problem.